lørdag 12. mai 2012

Nyfødtfotografering

Ein ny runde to dagar seinare,
vesla er no 7 dagar gamal.














Nyfødtfotografering

Då er endeleg prinsessa vår her! 

Mange nyfødtbilder er blitt tatt,
her frå fyrste shoot, vesla er då 5 dagar gamal.





torsdag 19. april 2012

Street Photography

Kl er fire (!) og eg slit med å få sove.. (termin om 6 dagar).
Tenkte å hive meg rundt og finne eit bilete til Øyeblikk sin konkurranse.
Denne gongen er temaet STREET PHOTOGRAPHY. 
Ingen enkel oppgåve for ein portrettfotograf som meg...
Dermed blir det eit portrett no, som sist. 

Slik er det med den saken:-)

Lillegullet mitt in the streets of Sykkylven...
Og jammen er det ikkje gater på bodyen og!
(så kan vel sei eg traff på temaet likavel?)


Sjå alle dei flotte bidraga her



tirsdag 17. april 2012

Lita oppdatering!

Det er litt stille på denne bloggen om dagen, litt fordi eg ikkje har tatt på meg fleire oppdrag no når det nærmar seg fødsel (8mnd) og litt fordi eg veit eg skal lage ein ny blogg snart (LJOS FOTO skal startast og det blir ny blogg, følg med!).

Liten oppdatering då på konkurranse/utstillings fronten: 

For litt sidan vann eg runden med tema "REISE" og Øyeblikk, med dette biletet av mine to kjære: 

Innlegget mitt kan dokke sjå her.
Og kva dommaren meinte ser dokke her

Ydmyk og overraska:-) 




Så har vi hatt ein intern konkurranse i fotoklubben, 
om kven som skal prensentere klubben på Nordic Light 2012 til helga. 
Vi er ein stor klubb med 70-80 medlemmar og utruleg mange dyktige fotografar. 
Mitt bilete av Jonas med sitt våkne blikk vart plukka ut som eit av dei 10 som skal på utstilling.
Veldig kjekt!! 





Og til slutt eit bilete eg kom på 2.plass med i sist runde i fotoklubben
(vi har konkurranse kvar mnd, denne gongen var tema "Måltid").



Ellers gjeng det mykje i planlegging av nyfødtfotografering 
no som eg får ei prinsesse å øve meg på. 
Gleder meg!!!!

Klem Marianne

torsdag 15. mars 2012

G r a v i d

Her om dagen fekk eg prøve meg på fotografering av ei gravid skjønn dame. 
Ho ventar tvillingar i juni. Det er min fyrste gravide session, foruten sjølvportrett av meg sjølv då (eg er i veke 34 no). 
Vi prøvde få meg vesle Leah Emilie ilag med magen, men det var vanskeleg då ho stod i ro i ca 2 sek.
Eg fekk no sånn halvvegs til nokre bilder, søte og kjekke å ha uansett perfekte eller ei:-) 


Skjønne søstre

Skjønne Leah Emilie og Mathilde var hos meg før jul. 
Då fekk vi ikkje tatt søskenbilder, iallefall ikkje nokon vellykka, hihi, så dei kom att no. 
Det gjekk litt bedre denne gongen:-)

onsdag 7. mars 2012

G a u t e

I forrige veke hadde eg godingen Gaute på besøk. 
Han likte seg godt i studioet mitt og var ein draum å fotografere. 
Det er jammen kjekt når det gjeng så smertefritt! :-)